I samband med den årvisse Viksdalsmarknaden lagar Gaular Spelemannslag til fest for store og små med program, mat og dans for alle. Laget markerer 50-årsjubileum og får med oss Vidar Underseth og Elin Grytting, som begge har vore særs viktige for arbeidet i laget. Spelemannslaga nær oss er inviterte til å syte for godt dansespel.

Tid og stad: Laurdag 8.november 2025 kl 19.30 på Viksdalen skule/samfunnshus
Gjestelag: Dalsfjorden Spelemannslag, Folkemusikklaget Havbrusen, Indre Sunnfjord Spelemannslag og Naustedalen Spelemannslag med toradar og fele.

Velkomne skal de vere!😃