Det vert kurs i to puljer der dei første kursa startar kl.1100 og varer til 1400. Så vert det ein god pause før det er klart for nye kurs frå kl.1500 til ca kl.1800. Vi har også i år fått støtte frå TØFT og Frifond til kurs for unge utøvarar og alle i TØFT-alder er særskilt oppmoda om å kome, men alle kursa er opne for alle aldrar.
Program for dagen:
Frå kl.1100-1400 (Pausar med forfriskingar er sjølvsagt lagt inn undervegs)
Felekurs: Oda Ovidt Bardal
Hardingfelekurs: Åsmund Arnesen Farstad
Trekkspelkurs: Håvard Svendsrud
Munnspel: Einar Eimhjellen
Frå 1400-1500 LUNSJ
Frå 1500-1800 (Pausar med forfriskingar er sjøvsagt lagt inn undervegs)
Dansekurs: Asbjørg og Arne M. Sølvberg
Folkesong: Dag Vanberg
Trekkspel for vidarekomne: Håvard Svendsrud
Fele for vidarekomne: Britt Pernille Frøholm
Frå 1800: MIDDAG FOR ALLE. For alle i TØFT-alder (9 - 20år) er middagen inkludert i kursavgifta
Kursavgift: Gratis for alle i TØFT-alder 9-20 år
kr 150 for dei over 20 år
kr 150 for dei over 20 år
Påmelding innan 16.september til Antonia Karete Kongsvik på epost antoniakaretekongsvik@gmail.com eller tlf 90 99 99 88
Vi oppmodar alle i TØFT-alder (og eventuelt andre) som er med på spelkurs på morgonen om å bli med på kurs i enten folkesong eller dans etter lunsj eller eventuelt prøve seg på vidarekomne kurs for dei som dette er aktuelt for.
Kl.2000: KONSERT I FJELLVARDEN der det blir blant anna utdeling av Bolstadpris, heider til Svein Nesje som vart heidra med kongens fortenestemedalje i sommar, innslag ved blant andre Åsmund Arnesen Farstad, Britt Pernille Frøholm og Håvard Svendsrud m.fl. Etter konserten vert det spela opp til dans med blant andre Austrheim Musikklag, Spelemannslaget Fjelljom med fleire. Det blir sendt ut eigen epost med detaljar rundt konserten.
Fjelljomfestivalen 2026 er støtta av TØFT, Frifond, Stryn kommune og KOMP.!
