Konsertforedrag med Ove Eide og Austrheim musikklag, og dans ! Laurdag 18. april ønskjer dei å løfte fram folkemusikaren, komponisten og kulturarbeidaren Jon Aske (1928-2012).
Jon Aske var bonde i Fjellbygda, men har sjølv sagt at hadde han ikkje vore odelsgut, kunne det blitt ein karriere innan klassisk musikk. Det vart ein muskkveg gjennom livet likevel, først og fremst i folkemusikken. For mange er namnet hans sterkt knytt til Austrheim Musikklag. Han starta opp att musikklaget etter krigen og vart musikalsk leiar i 60 år, fram til 2007.
Jon Aske lærde tidleg å spele orgel, men det var fela som var hovudinstrumentet i alle år. Han var folkemusikar med sterk interesse for klassisk musikk, og var medlem i fleire orkester og grupper som dyrka den klassiske arven, til dømes Sogn og Fjordane symfoniorkester.
Aske komponerte fleire slåttar som har vore mykje brukte. Eit utval av desse vil Austrheim Musikklag spele denne laurdagskvelden. Ove Eide vil fortelje om Aske og om dei ulike lag og orkester han var med i, og om dei rollene han har hatt i kulturlivet i kommune og fylke.
Mindre kjent enn spelemannen er Aske si rolle som initiativtakar til skiping av Gloppen Musikkskule, i dag Gloppen Kulturskule. Han var den første styreleiaren i musikkskulen, i dei første grunnleggande åra. Musikkskulen i Gloppen var den første av sitt slag i Sogn og Fjordane, og har blitt ein institusjon som har hatt umåteleg stor verdi for kulturlivet i kommunen.
Etter programmet vert det sal av kaffi og sveler, og dans til musikk av Austrheim spelemannslag og Grannelaget.
Vel møtt til feiring av ein av dei store kultur-personlegdomane i Gloppen!
Hendinga finn stad i Gimle på Sandane.
Adresse: Austrheimsbakken 73
