Sogn og Fjordane folkemusikklag arrangerer igjen julebordhelg både medlemmer og andre med gratis kurs i spel og dans på Grand Hotel Skei 27. -28. november! Kursa er for alle aldrar!
Etter kursa er det middag og dansefest fredag, og julemiddag og ein lenger dansefest laurdag!
Påmelding til kurs gjerast nedst på denne sida helst innan fredag 20. november, slik at vi kan tilpasse kursa best mogleg.
Dersom du skal vere med på hardingfelekurset med Heimelaget, bør du ha spelt i minst eit par år fyrst. Det er altså ikkje eit nybyrjarkurs.
Program
Fredag 27. november
- kl. 17 - 18: Kiosken er open
- kl. 18 - 20: Gratis kurs - Gamaltspringar med Kjersti Rønningen og Kjartan Naustdal.
- kl. 20: Middag for dei som vil - Hugs å bestille middag hjå hotellet på grandhotelskei@unikehoteller.no eller tlf. 57 72 78 00.
- kl. 22: Dansefest
Laurdag 28. november
- kl. 10- 11: Kiosken er open
- Kl. 11 – 13: Gratis kurs -
- Open øving med hardingfelelaget Heimelaget (1. økt)
- Runddans med Kirsten Johanne Friis
- kl. 13 – 14: Kiosken er open
- Kl. 14 – 16: Gratis kurs
- Open øving med hardingfelelaget Heimelaget (2. økt - NB: må vere med på 1. økt for å vere med her)
- Viksdalspringar med Mari Andrea Næss og Elin Pehrson Grytting
- Kl. 16-18: Kiosken er open.
- kl. 18: Julemiddag for dei som vil - Hugs å bestille middag hjå hotellet på grandhotelskei@unikehoteller.no eller tlf. 5772 7800.
- kl. 20: Dansefest og lotteri
Prisar
- Kursa er gratis, men hugs påmelding nedst på sida her, helst innan 20. november.
Overnatting og middag på hotellet fredag-laurdag
- Enkeltrom kr. 1195
- Dobbeltrom kr. 1345
- Trippeltrom kr. 1595
- Familierom (4 personar) kr. 1795
- Middag 495 pr person
Overnatting og middag på hotellet laurdag-søndag
- Enkeltrom og julemiddag kr. 1850
- Dobbeltrom og 2 julemiddager kr. 2990
- Trippelrom og 3 julemiddager kr. 3730
- Familierom og 4 julemiddager kr. 4675
- Ein julemiddag utan overnatting kr. 745
Bestilling av middag og overnatting gjerast ved å kontakte Grand Hotel Skei på anten epost grandhotelskei@unikehoteller.no eller tlf. 57 72 78 00.
- Dansefest Kr. 150 pr. person Betalast ved vipps til 943616. NB: Dansefesten er gratis for alle frivillige på julebordet og på Vestlandskappleiken. Dei som spelar til dans på julebordet slepp og gratis inn!
Frivillige og dansespel
Vi treng folk til å hjelpe oss på julebordet. Det vi treng hjelp til, er folk som kan stå i kiosk, billettsal, rydding og rigging og til å spele til dans. Kan du vere med å hjelpe til? Send ein epost til post@folkemusikklaget.no. Vil du hjelpe til eller har du andre spørsmål, kan du kontakte Aud Sissel Orheim på orheim.aud.sissel@gmail.com eller 957 46 706.
Påmelding
Trykk på lenkja under for å melde deg på kurs:
https://forms.gle/AmiV5DpCBrqnw82y8
Dersom du ikkje greier å melde deg på her, kan du sende ein epost til post@folkemusikklaget.no.
