Sogn og Fjordane Folkemusikklag prøvde seg på noko nytt i år, nemleg julebordhelg på Grand Hotell Skei 5.–6. desember. Det var ikkje nok å kun samlast til julemat, men det var òg arrangert kurs, konsert og dansefest, og samla deltakarar frå ulike delar av fylket.
Totalt deltok 30 personar på dansekursa og 10 på instrumentkursa. Kurshaldarane leverte og deltakarane gav uttrykk for at dei var nøgde med både innhald og organisering. Kursa omfatta felekurs med Åsmund Arnesen Farstad, hardingfele med Vidar Underseth, gamaltspringar med Kjartan Naustal og Kjersti Rønningen, jølstraspringar og kræsjkurs runddans med Kirsten Johanne Friis og Leon Årdal. Rasmus Henden spelte til gamaltspringarkurset og Knut Sanddal til jølstraspringarkurset.
Laurdag kveld heldt Åsmund Farstad Arnesen konsert før julemiddagen, som samla 130 deltakarar. Etter maten var det dans der fleire spelemannslag og grupper stod for musikken. Dansegolvet var godt brukt gjennom kvelden, og vi takkar Fjordingane, Austreim Musikklag, Eid spelemannslag, Kveikjar, Indre Sunnfjord spelemannslag, Grannelaget, Breim spelemannslag og kurshaldarane for god dansemusikk.
Torulf Hjelmeland og Geir Strømmen stod for drifta av kiosken og gjorde ein flott innsats der. Det vart halde lotteri med fleire gevinstar, mellom anna handlaga skjærefjøler av Arve Idar Utnes, trestjerner med lys av Torulf Hjelmeland, eplejuice frå Kjartan Naustdal og heimebaka krumkaker og flattbrød baka av Magni Strømmen. Randi Ulfseth, EliBente Loge Henden , Ingrid Lien og Aud Sissel Orheim.
Vi i folkemusikklaget meiner at samarbeidet med hotellet fungerte god og at det er ein ypparleg plass for slike arrangement. Deltakarane gav òg tilbakemelding om god mat på julebordet!
Alt i alt var det ein kjekk helg, sjølv om det var plass til ein god del fleire på kursa!
Sogn og Fjordane Folkemusikklag takkar alle som bidrog til helga, både frivillige, spelemenn, kurshaldarar, deltakarar, Grand Hotel Skei for samarbeidet og Norsk musikkråd for tilskot til helga!
Elles ynskjer vi alle ei riktig god jul!
Helsing oss i Sogn og Fjordane folkemusikklag!
Foto: Aud Sissel Orheim











