Førdefestivalen er medarrangør av masterclassen vi skal ha på Mokurset.
I tillegg tilbyr festivalen fribillett for alle Mokursdeltakarene til konserten med sigøynardronninga Esma Redzepova frå Makedonia, søndag 10. juli kl.15.00.
Dei som ønskjer å delta på denne konserten, må hente billetten sin på festivalkontoret i kjellaren på Førdehuset seinast ein time før konserten startar. Oppgje namnet ditt og at du er deltakar på Mokurset, så får du ein billett.
Vi oppmodar sjølvsagt alle om å få med seg heile festivalen, og tipsar også om det flotte gratisarrangementet "Festivalsøndag i Førdehuset".
Les meir om Førdefestivalen her.