12 lag deltok i klassa for lagspel runddans/gammaldans. Austrheim musikklag (foto) vann klassa med 164 poeng føre Indre Sunnfjord spelemannslag som kom på andreplass med 158 poeng. Naustedalen spelemannslag vart nummer tre.
I soloklassane for runddansmusikk gjekk Nikolai Storevik frå spelemannslaget Fjelljom til topps i juniorklassa medan Norill Terese Norheim frå Jostedalen spel- og dansarlag vann seniorklassa.
Under kveldsprogrammet var det også tid for plateslepp av den nye CDen til spelemannslaget Fjelljom "Korri korri". Petter Eide(foto) spelte i det høve ein springar som også er å finne på CDen. Ordførar Sven Flo helsa til kappleiken, og Folkemusikkprisen 2012 vart utdelt til John Oddvar Kandal. Foto frå dette er å finne nedanfor.
I alt 12 lag stilte opp i lagspel fele/hardingfele senior av desse deltok to i gjesteklassa. Årets siger i lagspel senior gjekk til Gaular spelemannslag (foto) med 124 poeng. Indre Sunnfjord spelemannslag kom på andreplass med 120 poeng medan spelemannslaget Fjelljom vart nummer tre med 116 poeng.
I gruppespel senior og open klasse var det ein deltakar i kvar klasse. Det vart dermed siger til høvesvis spelemannslaget Havella og duoen Mathilde og Norill.
Den nyoppretta klassa samspel junior samla i alt ni deltakarar. Den nye klassa inkluderer alle variantar av samspel for dei under 18 år også vokal. Innslaga varierte frå store spelemannslag, til feleduoar og samspel mellom hardingfele og gitar. Vinnarar av klassa vart Nikolai og Sverre (foto) som består av Nikolai Storevik frå Spelemannslaget Fjelljom og Sverre Sandvik frå Naustedalen spelemannslag. Myklemyrjentene følgde på andreplass medan Jostedal spelemannslag vart nummer tre. Foto av samtlege deltakarar er utlagd nedanfor.
I alt 13 par stilte opp i dans klasse A, B og C under fylkeskappleiken. C-klassa vart vunnen av Kristin Ringdal og Kenneth Hole frå Hornindal spml. medan Ingunn og Hallgrim Skjerdal frå Sogn spel- og dansarlag vann B-klassa. Leikny Aasen og Vidar Underseth frå Sogn of Fjordane folkemusikklag vann A-klassa. Dei oppnådde også den høgste poengsummen totalt og sikra seg med det dei nyoppsette vandrepremiane.
I lagdans stilte der to lag i junior og tre lag i seniorklassen. Sogn spel-og dansarlag (foto) gjekk til topps i lagdans senior medan spelemannslaget Fjelljom fekk beste poengsum av juniorlaga.
Deltakartalet i vokalklassene var ikkje det høgste dette året, men tilsaman 7 startnummer stilte opp i vokal rekrutt, rekruttgrupper, klasse C og D. Det var i år sett opp ein vandrepremie til beste deltakar i vokal, ein trebolle laga av Inge Gjul. C-klassingen Kine Svori frå Jostedal spel- og dansarlag sikra seg første napp i denne.
I alt 21 solistar stilte opp i solo fele/hardingfele under fylkeskappleiken i Stryn. Sigmund Eikås vann solo fele/hardingfele klasse A, Dagfrid Vallestad Brevik (foto) vann solo fele/hardingfele klasse B medan Nikolai Storevik vann C-klassa.
Fotoseriar frå fele/hardingfeleklassene er lagt ut nedanfor Alle er tekne av kappleiksfotograf Leif Vinsrygg.
Resultata for Fylkeskappleiken i Sogn og Fjordane er no klare. Samla liste over alle resulta er utlagt nedanfor. For første gong var det vandrepremiar både i dans, spel og vokal.Sigmund Eikås (foto) oppnådde høgste poengsum i spel med 132 poeng og fekk dermed sitt første napp i vandrepremien. I klassen for dans gjekk dei nyoppsette vandrepremiane til Leikny Aasen og Vidar Underseth med 85 poeng i dans klasse A. C-klassingen Kine Svori sikra seg vandrepremien i vokal med 88 poeng.
Fleire foto kjem litt seinare.