Fredagskveld på Fylkeskappleiken for Sogn og Fjordane 2014 på Sandane vart det konkurrerte i solospel gammaldansmusikk, open klasse, gruppespel gammaldans og dansetevling i reinlendar og masurka. Resultat frå konkurransane finn du her:
Det nærmar seg årets fylkeskappleik på Sandane. Det er bra påmelding, men likevel plass til fleire, og det er framleis høve til å melde seg på. For påmelding: kontakt tilskipar på epost: fylkeskappleiken@gmail.com eller på tlf. 915 34 679. Det er også lagt ut justert tidsskjema for programmet.
Austrheim musikklag, Gloppen hardingfelelag og Hyen spelemannslag vert i fellesskap arrangørar av Fylkeskappleiken 2014. Kappleikshelga vert 28.-29.mars og kappleiksarena vert Aulaen i Firda vgs på Sandane. Sogn og Fjordane folkemusikklag ønskjer dei lokale arrangørane lukke til med kappleiken og ser fram til FK2014. Meir nytt om fylkeskappleiken vert lagt ut snart!
Fylkeskappleiken 2013 er no slutt, og vi takkar arrangørar og deltakarar for ei fin helg på Skei Hotel. Her ser de bileter av vinnarane i kvar klasse som deltok på laurdagen. Trykk på bileta for å få dei større.