
Startlister
Her kan du finne startlister for Sogn og Fjordane-kappleiken 2024.
Her kan du finne startlister for Sogn og Fjordane-kappleiken 2024.
Her ser du programmet for 2024. Merk at det kan førekome endringar før kappleiksstart. Siste endring var 31.3.
Bli med på TØFT-samliing på Viksdalen skule/samfunnshus 13. og 14. april! Det vert lynkurs i pols, dansekurs med hovudvekt på halling for ungdom frå 9 år, Små-TØFT for dei under 9 og dansekveld. Hugs å melde deg på innan 9. april!
Her kan ein melde seg på Sogn og Fjordane-kappleiken!
I høve Førdefestivalen sitt prosjekt Vestafolk, reiser dei dyktige spelemenna Håkon Høgemo og Tom Karlsrud på turné, mellom annan til Straumsnes grendahus 4. april kl. 19.
Styret i SFFL kallar med dette inn alle medlemmer inn til Årsmøte 7. april kl. 11 i Operahuset på Nordfjordeid, altså dagen etter Sogn og Fjordane-kappleiken (5.-6. april).
Nygamle svisker fekk midlar frå Rolf Myklebust-fondet av folkemusikklaget i fjor til utgjeving av plate og notebok med slåttar av Ola Haugland. No kan ein høyre resultatet på Sogn og Fjordane-kappleiken 5.-6. april!
Torsdag 21.mars kl 2000 spelar Kristina Farstad Bjørdal og Britt Elise Skram frå Møre og Romsdal konsert i ungdomshuset Fjellvarden på Fjelli.
Folkemusikkstudentar frå USN Rauland spelar konsert på Mariannes Bakeri og Kafe i Aurland 12. mars kl. 18.
I høve Sogn og Fjordane-kappleiken vert det Smørbukkappleik 6. april kl. 13-15! Meld dine på helst innan ei veke før!
Sogn og Fjordane Folkemusikklag disponerar i dag kr. 70.000 i TØFT-midlar. Du kan no søke om desse ved å sende epost til post@folkemusikklaget.no. Sjå meir info her!
Høyr salt nordsjømusikk frå Shetland, Skottland, England og Vestlandet i ein lavvo 9. mars i Vik i Sogn.
Gammaldansgruppa Farstad & Farstad trio kjem til Nordfjordeid og dreier opp til konsert i Kulturhuset Gamlebanken laurdag 24. feb kl. 14!