Sogn og Fjordane folkemusikklaget innbyr til kurs i danseopplæring helga 23.-24. november i ungdomshuset Fjellvarden på Fjelli. Kurset er meint å gje starthjelp for å få fleire til å våge seg til med opplæring i dans, særleg av born og ungdom. Instruktørar vert Asbjørg og Arne M. Sølvberg. Sjølv om den opphavlege påmeldingsfristen er ute, tek vi framleis mot påmeldingar på post (@) folkemusikklaget.no fram til 20. november!
Majorstuen, LoMsk, P.A Røstads orkester, Henning Sommero, Elin Grytting og Hanne Oftedal er blant artistane som kan opplevast under Jeremiasfestivalen i Gloppen 15.-17. november.
Marta Lindvik frå Ulvik er tildelt Audhild Flaktveit Moxnes minnepris for 2013. Prisen er på 10 000kr, og vert kvart år utdelt til ein lovande hardingfeleutøvarar som er 18 år eller yngre. Prisen vart utdelt under tevlingskonserten på Vestlandskappleiken. Vi gratulerer!
Fjaler kommune er som første kommune i vårt fylke, vertskommune for Folkemusikkveka. Programmet byggjer på fylkesmusikarane, men også andre artistar er inviterte blant anna Folklokk frå Hardanger og Linda Gytri.
Årets Vestlandskappleik vert innleia med konsert med Erlend Apneseth fredag 11. oktober kl. 1900. Presentasjon av Erlend og konserten finn du nedanfor. Vel møtt til konsert!
Det er gjort nokre justeringar i tevlingsregelverket for i høve tidlegare kappleikar. Dette gjeld klassane for samspel junior og lagdans junior og senior. Vi håper desse endringane fører til at endå fleire vert med i tevlingane. Detaljane finn du nedanfor:
Helga 26.-27. oktober vert det dansekurs og nabotreff i Jostedalen. Stian Roland og Tone Voldhaug kjem til Jostedalen for å instruere i masurka og galopp samt grunnleggjande teknikk i dans.
Musikkbransjen på Vestlandet møtest i Førde underBlest 2013. Her vert det både folkemusikk, pop og rock. Frå folkemusikksjangeren møter vi både Linda Gytri frå Olden og duoen Djønne & Børsheim. Alle konsertane er opne for publikum.
Lurer du på å ta turen til Førde enten som deltakar eller publikum? I pressemeldinga nedanfor finn du mange gode grunnar til å kome på Vestlandskappleiken 2013.