Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Foto: VK2013

MARTA LINDVIK

Marta Lindvik frå Ulvik er tildelt Audhild Flaktveit Moxnes minnepris for 2013. Prisen er på 10 000kr, og vert kvart år utdelt til ein lovande hardingfeleutøvarar som er 18 år eller yngre. Prisen vart utdelt under tevlingskonserten på Vestlandskappleiken. Vi gratulerer!

design Eva Meier

FOLKEMUSIKKVEKA 2013

Fjaler kommune er som første kommune i vårt fylke, vertskommune for Folkemusikkveka. Programmet byggjer på fylkesmusikarane, men også andre artistar er inviterte blant anna Folklokk frå Hardanger og Linda Gytri.

Foto: Vegard Fimland

KONSERT MED ERLEND APNESETH: "BLIKKSPOR"

Årets Vestlandskappleik vert innleia med konsert med Erlend Apneseth fredag 11. oktober kl. 1900. Presentasjon av Erlend og konserten finn du nedanfor. Vel møtt til konsert!

Logo VK

JUSTERINGAR AV TEVLINGSREGELVERKET

Det er gjort nokre justeringar i tevlingsregelverket for i høve tidlegare kappleikar. Dette gjeld klassane for samspel junior og lagdans junior og senior. Vi håper desse endringane fører til at endå fleire vert med i tevlingane. Detaljane finn du nedanfor:

Foto: Norill Terese Norheim

THEA ØVREBOTTEN 1994-2013

Thea Øvrebotten (19) frå Førde omkom i lastebilulukka ved Balestrand tysdag 8. oktober.

5294296_2392175

DANSEKURS OG NABOTREFF

Helga 26.-27. oktober vert det dansekurs og nabotreff i Jostedalen. Stian Roland og Tone Voldhaug kjem til  Jostedalen for å instruere i masurka og galopp samt grunnleggjande teknikk i dans.

Foto:Per Finne

BLEST 2013

Musikkbransjen på Vestlandet møtest i Førde underBlest 2013. Her vert det både folkemusikk, pop og rock. Frå folkemusikksjangeren møter vi både Linda Gytri frå Olden og duoen Djønne & Børsheim. Alle konsertane er opne for publikum.

IMG_2127 (1) Leggbilde

SNART KLART FOR VESTLANDSKAPPLEIK

Lurer du på å ta turen til Førde enten som deltakar eller publikum? I pressemeldinga nedanfor finn du mange gode grunnar til å kome på Vestlandskappleiken 2013.

Hans  Fredrik Asbjørnsen

"HEIMANFRÅ"-med Ingebjørg H. Bratland og Odd Nordstoga

Ingebjørg H. Bratland og Odd Nordstoga gav ut plata "Heimanfrå" i mars. Denne veka kjem dei til Sogn og Fjordane for å halde konsertar. Liste over stadar som kan sjå fram til besøk finn du nedanfor.

Oddleiv Apneseth

FOLKELARMPRISEN 2013

Dei nominerte til Folkelarmprisen 2013 er no klare. Det er plukka ut tolv utgjevingar i fire ulike kategoriar: dokumentasjon, solo, tradisjonelt samspel og open klasse. "Umbra" med Linda Gytri er ein av dei nominerte i kategorien solo. Samtlege nominerte finn du nedanfor. Prisane vert delte ut 28. september på bransjetreffet Folkelarm.

Audhild Moxnes

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES MINNEPRIS

Styret for Audhild Flaktveit Moxnes Minnepris ønskjer framlegg til kandidatar.

Minneprisen er på kr. 10 000, og skal delast ut i samband med Vestlandskappleiken i Førde, 11.-13. oktober 2013.

FRIST for innsending av forslag er 23. september 2013!

No events to display

SOGN OG FJORDANE FOLKEMUSIKKLAG