I år fyller Hyen spelemannslag 55 år, og det må feirast! Hyen spelemannslag og Hyen bygdekvinnelag ynskjer velkomen til jubileumsfest i Hyen laurdag 18. oktober kl. 19:30 i Hyen samfunnshus og idrettsbygg.. Dei har invitert med seg eit flott lag av bidragsytarar til konsert og dansespel!
27. september vert det spel og dansetreff på Hotel Raftevold frå kl 19. Det byrjar med konsert med Honndalsmusikken, Egil Furenes og Hyen spelemannslag. Deretter vert det dans til 6 ulike spelemannslag og grupper.
Her ser de programmet for VK 2025. NB: Oppgjevne tidspunkt kan få mindre endringar, - dette blir opplyst frå programleiar. Programheftet kan lastast ned her. OBS: Utdeling av Audhild Moxnes minnepris blir flytt frå laurdag kl. 22:30 til laurdag kl. 20:30!
Bli med når Førdefestivalen tilbyr ein spennande ‘ny’ pakke: krasjkurs i sunnfjordspringar + konsert med superduoen Sudan Dudan! Alt skjer på kunstmuseet i Førde! 19. oktober kl. 18-20. Dei kjem òg andre stader på Vestlandet. Sjå oversikta her.
Sjølv om Heimelaget har hatt sin opptreden på Landsfestivalen i Oppdal i sommar, held vi fram å treffast på Jølster Samfunnshus på Skei. Neste gong er fyrstkomande laurdag 20. sept kl. 12-15.
Vi minnast ein hardingfelespelar, trekkspelar, komponist, eldsjel, nestor, tidlegare musikalsk leiar i Jostedal, tidlegare fylkesmusikar, æresmedlem i Jostedal spel- og dansarlag og mottakar av Folkemusikkprisen 2008 Harald Hesjevoll. Takk for alt du har gjort for folkemusikken!