Her finn du info om mat og overnatting på Vestlandskappleiken 2024. Her finn du òg lenkje for å booke hotellovernatting til rabatterte prisar under kappleiken. Hugs frist for å booke hotellrom til rabatterte prisar 22. september!
Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele 2023 er tildelt Andrea Antun Mikkelsen, født 2005, frå Osterøy. Prisen, som er på 15 000 kroner, vart delt ut på Vestlandskappleiken i Gimle, Bergen, fredag 13. oktober.
I høve opningskonserten på Vestlandskappleiken 2023 fredag 13. oktober kl. 19 i Gimle, Kong Oscars gate 18 i Bergen, vert det ei konsertførestilling sett saman av Fordjupingsprosjekt i folkemusikk og folkedans, eit prosjekt med 19 ungdommar i alderen 13-19 år frå heile Vestland fylke.