Som deltakar på UngLåt får ein moglegheit til å vere med som publikum på opningskonserten på Førdefestivalen torsdagen 7. juli kl. 20 som ein del av sommarkurset! Det vert ein spennande og variert konsert med mange forskjellige artistar. Dei som ikkje er deltakarar men vil vere med kan kjøpe billettar her.
Marianne Clementine Håheim les sine biografiske og poetiske forteljingar om Ola og Ivar Kjellstad, Gabriel Reed og Moses Paulen i ei veksling med Britt Pernille Frøholm sitt slåttespel etter dei same spelemennene i den stemningsfulle røykstova i vakre Liatunet i Innvik søndag 22. mai.
Gnist-prisen på kr. 15 000,- vert delt ut til eit lag som driv med opplæring i folkedans for barn og unge. Nominer din kandidat innan 01. juni! (Helst nokon i Sogn og Fjordane)
Hugs å søke folkemusikkstipendet innan 1. juni! Folkemusikkstipendet til Vestland fylkeskommune skal oppmuntre til kunstnarleg utvikling og styrke og sikre arbeid med immateriell kulturarv. Folkemusikkstipendet er på kr. 60 000. I tillegg finnast det to stipend på kr. 25 000 som heiter Folkemusikk Ung, for søkjarar under 30 år. Les meir her.