Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Storm Duo

Konsert med Storm Duo 18. november

Fredag 18. november kl. 20 trekkspelduoen Storm Duo til ungdomshuset Fjellvarden på Fjelli i Stryn. Etter konserten vert det dans!

sigrid

Folkemusikkstipendet til Sigrid Moldestad

Vestland fylkekommune delte ut folkemusikkstipendet på 60 000 kroner til Moldestad under Osa-festivalen på Voss i helga. I tillegg delte han ut to folkemusikk ung-stipend til Lukas Pawelka og Mathilde Skjæret. Dei er på 25 000 kroner kvar.

Sogn og Fjordane  spel- og dansarlag

Eit spel og dansarlag for heile Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane folkemusikklag driv i desse dager å luftar for medlemmer og andre om det er interesse for å danne eit spel og dansarlag for Sogn og Fjordane til deltaking på Landsfestivalen 2.-6. august 2023 i Førde. Les informasjon om prosjektet og meld interesse om du ønskjer å vere med på dette INNAN 1. NOVEMBER.

310601329_416004317357938_5889334507561743011_n

Folkemusikkpub 19. november

Folkemusikklaget Havbrusen gjentek suksessen med folkemusikkpub i Løa i Fjaler! Anten du kjem for å møte venner, drikke øl, høyre på folkemusikk, eller med instrument i handa vert det garantert god stemning i Løa denne kvelden.

Foto: Eva Marie Toppe

Minnepris til ung hardingfeleutøvar frå Bergen

Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele 2022 er tildelt Ida Mikkonen, født 2008, fra Bergen. Prisen, som er på 15 000 kroner, vart delt ut på Vestlandskappleiken i Jostedalen laurdag 8. oktober.

308349585_10160208770664031_6350784848558985111_n

Barneinstruktørkurs i folkedans

Helga 19.-20.november inviterer Voss Ungdomslag og hardingfela.no til barneinstruktørkurs i folkedans. Kurset finn stad på Voss. Klikk her for påmelding og meir info!

TØFT viksdalen 2022 (1400 × 1080 px) (1)

TØFT i Viksdalen 12. november

Gaular Spelemannslag arrangerer kurs i dans for aldersgruppa 9-18 år i Viksdalen bedehus 12. november. Det vert òg songkurs for dei minste!

Konglenissen

Marknadsfest i høve Viksdalsmarknaden 12. november

Laurdag kl 20.00 vert det marknadsfest med dans for små og store til tonar frå Indre Sunnfjord Spelemannslag, toradargruppa i Naustedalen Spelemannslag, Egil Furenes frå Folkemusikklaget Havbrusen og «Viksdalen Juniorspelemannslag» med vener. Trykk her for å laste ned program og info om festen og marknaden.

Untitled design

Ildsjelsamling

4.-6. november arrangerar Norsk senter for folkemusikk og folkedans Ildsjelsamling i Trondheim . Her er det gode råd å hauste om korleis skape meir folkedansaktivitet i lokallmiljøet! Merk at det er kun 20 plassar, så her må ein melde seg på raskt. Info og påmelding finn du her.

No events to display

SOGN OG FJORDANE FOLKEMUSIKKLAG