Her finn du info om mat og overnatting på Vestlandskappleiken 2024. Her finn du òg lenkje for å booke hotellovernatting til rabatterte prisar under kappleiken. Hugs frist for å booke hotellrom til rabatterte prisar 22. september!
UngOsa, 25.-27. oktober, som kvar år vert arrangert på Voss i høve Osafestivalen har opna påmeldinga! Dette er eit kjekt kurs for born og unge som er verdt å få med seg. Påmeldingsfrist er 20. september, men det vert som regel fullt, så her gjeld det å slenge seg rundt og melde seg på.
Erlend Viken trio spelar konsert på Pederhuset på Breim laurdag 26. oktober kl. 20. Før konserten vert det òg nerdekurs i felespel, og etter konserten vert det folkemusikkpub!
Bli med på Fjelljomfestivalen 27.-29. september i Stryn. Der vert det mellom anna jubileumskonsert i høve Magne Maurset 200 år, og konsert med Honndalstausene, samt kurs i munnspel, song, hardingfele, fele og Nordfjordspringar!
Styret for minneprisen ber med denne utlysing om å få inn forslag på unge utøvarar på hardingfele som vil vera aktuelle som kandidatar til prisen innan 12. september.
Honndalsmusikken feirar storstillt 20 års jubileum, med Jubileumskonsert og dans frå kl 18.00 laurdag 14. september på Havila Raftevolds Hotell i Hornindal.