Under Fjelljomfestivalen 27.-29. oktober vert den første ungdomssamlinga arrangert. Her vert det ulike kurs i fele, hardingfele, dans og song frå fredagsettermiddag til søndagsføremiddag.
 
Fjelljomfestivalen arrangerer konsertar fredagskveld, laurdag på dagtid og kveldstid, og det vert dans i Fjellvarden laurdagskveld. Overnatting er på Nordfjord Fritidssenter. Og det beste av alt? Det er gratis for alle ungdomar mellom 12-18 år.