Folkemusikklaget ser ein stor verdi i å skape moglegheiter til å kunne diskutere dommargjerninga. Det å verte spurt om å vere dommar kan vere skremmande for mange. Ein skal meine noko om andre, stå for meiningane sine, vere observant og reflektert under tidspress.

Tradisjonskurset «Å verte ein betre dommar» er meint som ei vitamininnsprøyting for dei som allereie har vore dommarar samt rekruttering av nye aktuelle.  

Kursinstruktørar er Sigmund Eikås og Vidar Underseth. Med deira rettleiing vert det både diskusjon og praktisk arbeid, som i uformell dømming. Sigmund har vore, og Vidar er fylkesmusikar, og begge er av fylkets beste tradisjonsberarar. Dei vil dele sin kunnskap og gler seg til diskusjon rundt tema som kva som er godt tradisjonelt spel/dans, kva som er rådande estetikk, og ikkje minst kva som er god/dårleg dømming.

Kurset er for alle folkemusikarar/folkedansarar, både dei som har og dei som ikkje har vore dommarar før, men som kan tenkje seg eit innblikk i korleis det er å skulle sitje på ein kappleik å dømme.

Vel møtt!

Påmeldingsfrist: 6.februar - Det er mogleg med etterpåmelding

 

Kursavgift kr. 500,-

Kursplan:

Laurdag 21.februar

11.00     Kursstart

13.00     Lunsjpause

14.00     Framhald av kurs

17.00     Slutt

Sundag 22.februar

10.00     Framhald av kurs og oppsummering

13.00     Slutt

 

 

14.00     Lunsj

15.00     Årsmøte i Sogn og Fjordane Folkemusikklag

 

Last ned invitasjonen her: Tradisjonskurs - Å verte ein betre dommar.pdf