Gamlebanken Spelemannslag - nyleg kåra til landets beste hardingfelespelemannslag - spelar til dans etter konserten!

Håkon Høgemo, John Oddvar Kandal og Helene Myklemyr spelar saman i gruppa To Rette og Ein Rang. Kven som er det range av desse, seier historia ikkje noko om. Men at dei spelar knakande godt, er det liten tvil om! To sogningar og ein nordfjording gøymer seg bak dette namnet, og på repertoaret står tradisjonell bygdedans- og runddansmusikk hovudsakleg frå Breim og Jostedalen.

Dei tre musikarane fann bokstaveleg talt tonen etter å ha spelt saman i lystig lag på kappleikar og stemne, og tok etterkvart til å arrangere den tradisjonelle folkemusikken for hardingfele, fele og trekkspel.

Årdølen Håkon Høgemo er meisterspelemann på hardingfele, og held også jostedølen Sjur Hesjevoll som ei av sine største inspirasjonskjelder. Høgemo fekk Spellemannprisen 2000 for albumet Solo, og er elles kjend for sitt samarbeid med Karl Seglem

Breimingen John Oddvar Kandal er ein framifrå representant for det gamle felespelet i Breim. Han har saman med orkestret sitt vore ein svært populær dansespelemann gjennom ei årrekkje, og har dei siste åra verkeleg stått fram som ein felespelar av ypparste klasse!

Jostedølen Helene Myklemyr har lang fartstid som trekkspelar, og er særleg inspirert av spelestilen til sambygdingen Oddvar Stegegjerdet, som i si tid hadde eit omfattande musikalsk samarbeid med Sjur Hesjevoll.