©Oddleiv Apneseth

Søknadsfrist 15. juli

SØK FURORESTIPEND!

Sparebanken Sogn og Fjordane skal på nytt dele ut Furorestipend til unge talent i fylket. I fjor var hardingfelespelaren Erlend Apneseth mellom dei som fekk stipend. Kjenner du nokon som skapar furore? Send inn ein søknad!

Sparebanken Sogn og Fjordane har lange tradisjonar for å støtte opp om dei unge sine oppvekstvilkår gjennom å vere ein aktiv bidragsytar til lag og organisasjonar og idrett og kulturlivet i fylket.

No leitar dei på nytt etter unge talent som skaper FURORE og som har gjort seg fortent til eitt av stipenda i 2011.

Har du spørsmål om Furorestipenda, kan du kontakte oss på e-post furore@ssf.no, eller på telefon til kultursjef Reiel Haugland mob. 410 27 905.

Gå til heimesida til Furorestipendet her.

| Mer++