Smørbukk-kappleiken er ein uformell arena der barn og unge får synge, spele og danse for kvarandre, og møte andre unge i fylket med same interessa. På Smørbukk-kappleiken er det plass til alle, uansett nivå! Alle som deltek får Smørbukk-karamellar i premie, og i tillegg kårar ein jury nokre vinnarar som får premiar sponsa av Norsk Barneblad.

På Smørbukk-kappleiken 2011 kårar vi følgjande:

  • Årets smørbukk - ein pris til den/dei som utmerkjer seg på ein positiv måte i høve til formidling, kreativitet og musikalsk innleving
  • Årets beste kostyme - ein pris til den/dei som har beste kostyme inspirert frå slåtten/songen/dansen dei framfører, eller beste kostyme inspirert av ein av rollefigurane i eventyret om Smørbukk.
  • Årets sjarmør og humørspreiar
  • Årets beste nylaga slått/song/dans
  • Årets mest morosame innslag

Program:

11.30 – 12.00    Registrering

12.00 – 12.30    Felles dans, leik og moro

13.00 – 14.00    Smørbukk-kappleik

14.00 – 14.45    Middag

14.45 - Smørbukk-kappleik

 

Deltakaravgift for Smørbukk-kappleiken er kr. 150,- pr. person. Det er lagt opp til middagspause i kappleiken. For deltakarane er middagen inkludert i deltakaravgifta. Foreldre og andre får kjøpe mat til ein rimeleg pris. Kafeen vert open frå klokka 11.30, og der kan ein få kjøpt rundstykke, kaker og kaffi.

 

Påmelding innan 20. februar til dagrun (@) folkemusikklaget.no.

Last ned påmeldingsskjema her.