Teksten er henta frå folkorg.no

FolkOrg har i dag kring 4500 einskildmedlemmer, og dei fleste av desse er knytt opp mot våre 150 mangfaldige lokale spel – og dansarlag. Lokallaga er ryggraden i organisasjonen og syner ein stor aktivitet. FolkOrg ynskjer å løfta fram det gode arbeidet som lokallaga gjer gjennom mellom anna å dela ut prisen for ”Årets lokallag”.

Årets lokallag vert vald av styret i FolkOrg på bakgrunn av innsendte nominasjonar. Dei vel ut tre nominerte til prisen og ein vinnar. Dei nominerte og vinnaren vert marknadsført gjennom folkorg.no, nyhendebrev, sosiale media og pressemeldingar. Det er open nominasjon, og lokallaga kan også melde sitt eige kandidatur.

Prisen er ein pengepremie på 10 000 kroner, og vert delt ut under FolkOrg sitt landsmøte 28.-30. april 2017.

Kriterium for tildeling av årets lokallag i 2017 er:
Lokallag som gjer ein vesentleg innsats for at folkemusikken og folkedansen er synleg i samfunnet og er ein naturleg del av kulturbildet.Det er særleg positivt om det skjer gjennom samarbeid med institusjonar eller andre organisasjonar, og på tvers av sjangrar.

NB! Tiltaka som laga driv må vere aktuelle i dag, og ikkje noko som er avslutta.

Les meir og finn søknadsskjema her: http://folkorg.no/send-inn-forslag-til-arets-lokallag-2017/

Foto: Runhild Heggem