image001

Førde, 9.-11. oktober

PANGSTART PÅ VESTLANDSKAPPLEIKEN 2015

Rått spel og gnistrande musikalitet kjenneteiknar dei to markante Setesdal-spelemennene som får æra av å pangstarte Vestlandskappleiken 2015!  Dei har med seg både hardingfele, fele og munnharpe—og ikkje minst arven etter legendariske Torleiv H. Bjørgum.

Torleiv H. Bjørgum, eller Taddeiv, som dei seier i Setesdal, er rekna som ein av dei beste felespelarane landet vårt har hatt, og har hatt avgjerande betydning både for sonen Hallvard, og ikkje minst for Daniel Sandén-Warg. Det var ein kassett med nettopp Torleiv sitt felespel, som gjorde at han bytte ut rockegitaren med hardingfela og flytta til Setesdal! Les meir
 
Konserten er eit samarbeid mellom Førdefestivalen og Indre Sunnfjord Spelemannslag, og markerer starten på Vestlandskappleiken 2015, som går av stabelen 9.-11. oktober på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa i Førde. Sjå heile programmet til Vestlandskappleiken her.
 
Konsert kl. 19:00 fredag 9. oktober
Vaksne kr 220,- / frivillig, student, BOB-medl kr 180,- / born kr 50,- / kappleiksdeltakarar kr 180,-  Billettsal på TicketCo – og ved inngang.
 
Velkomen!
| Mer++