Mokurset er eit sommarkurs i folkemusikk og –dans for både barn, unge og vaksne. Mokurset tilbyr fleire ulike kurstilbod innan spel, song og dans, og det enkelte kurstilbodet er tilpassa den aktuelle målgruppa med omsyn til innhald og organisering.

Minstealder for å melde seg på kurs er 9 år. Det er inga øvre aldersgrense. For å melde deg på kurs i hardingfele, fele, trekkspel eller durspel, må du ha spelt i minst 2 år.

Mokurset har vore arrangert årleg sidan 1984, og er ein lærings- og formidlinsarena for den tradisjonelle folkemusikken og –dansen. Mokurset er det eldste sommarkurset i folkemusikk i landet, og også det einaste sommarkurset som har ein særleg fokus på folkemusikk- og dansetradisjonar på Vestlandet.

Mokurset er eit supplement til den faste opplærings- og formidlingsverksemda som skjer i kulturskular og spelemannslag gjennom året, men er likevel ope for alle som ønskjer å delta.

Instruktørane på Mokurset har høg folkemusikkfagleg kompetanse, både når det gjeld formal- og realkompetanse. Instruktørane blir handplukka med omsyn til den enkelte sin spisskompetanse som utøvarar og pedagogar, men også med omsyn til erfaring frå arbeid med både barn, unge og vaksne, og personlege eigenskapar.

I tillegg til Mokurset sine reint musikkfaglege mål, ligg følgjande ideologi og sosialpedagogiske aspekt til grunn:

• Vi meiner det er viktig at både barn, unge og vaksne i eit fleirkulturelt samfunn har kjennskap til og kunnskap om sin eigen kultur og kulturarv, då dette kan styrkje sjølvkjensla og vere ein av fleire byggjesteinar i den enkelte sin kulturelle og personlege identitet. Vi meiner dette vil gjere det lettare å utvikle forståing og respekt for både eigen og andre sin kultur og kulturelle uttrykk.

• Vi meiner at vi som forvaltarar av den tradisjonelle folkemusikken har eit særskilt ansvar for å ta vare på og vidareformidle folkemusikktradisjonane. Tek ikkje vi ansvar, er det ingen andre som gjer det.

• Vi meiner den beste måten å ta vare på og vidareformidle folkemusikktradisjonane på er å sikre at det finst ein levande folkemusikktradisjon, og at musikken og dansen blir teken vare på gjennom aktiv bruk. Dette avheng av at det finst utøvarar og tradisjonsberarar som driv formidlingsverksemd, at det skjer formidlingsverksemd som rekrutterer nye utøvarar, og at det blir drive undervising og opplæring som sikrar nye utøvarar og tradisjonsberarar.

• Vi meiner det er viktig at barn, unge og vaksne som driv med folkemusikk/-dans har ein møtestad, rekrutterings- og formidlingsarena som er skreddarsydd for å støtte deira behov, og at det er viktig å legge til rette for arenaer der utøvarar kan dyrke sine interesser på tvers av generasjonar.

 

Mokurset blir arrangert på Mo og Jølster vgs (tidlegare Mo Jordbruksskule).

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

SJÅ STØRRE KART HER