FolkOrg skal for første gong å dele ut ein pris til årets lokallag. I år vert godt rekrutteringsarbeid innan folkemusikk og folkedans vektlagt.

Fristen for å senda inn forslag er 1.juni. Prisen vert delt ut 21.september under den store kurs- og prisutdelingshelga som FolkOrg arrangerar i Bergen.

FolkOrg har i dag kring 5000 einskildmedlemmer, og dei fleste av desse er knytt opp mot 150 mangfaldige lokale spel- og dansarlag. Lokallaga er ryggraden i organisasjonen og syner ein enorm aktivitet gjennom mellom anna:

- Rekrutteringsarbeid og vidareføring av tradisjonane innan folkemusikk – og dans.

- Arrangering av kappleikar, konsertar og andre arrangement. 

- Formidling og synleggjering av norsk folkemusikk og folkedans både på lokalt, regionalt, nasjonalt og til tider internasjonalt nivå.

FolkOrg ønskjer å løfte fram det gode arbeidet som lokallaga gjer gjennom mellom anna å dela ut prisen for ”Årets lokallag”. Prisen er ein pengepremie på 10 000 kroner. Juryen for prisen er styret i FolkOrg som vel ut tre nominerte og ein vinnar av prisen ut i frå dei innsendte forslaga. For utdeling av prisen for årets lokallag i 2012 ønskjer FolkOrg å vektleggje godt rekrutteringsarbeid innan folkemusikk og folkedans. Det kan vera lokallag som driv rekrutteringsarbeid sjølve, og/eller har godt samarbeid med kulturskular, Noregs Ungdomslag m.m.

Styret i FolkOrg er jury for prisen. Dei vel ut tre nominerte til prisen og ein vinnar ut i frå dei innsendte forslaga. FolkOrg vil marknadsføre alle dei innsendte forslaga på folkemusikk.no. Einskildmedlemmer, lokallag og område/fylkeslag kan senda inn forslag med grunngjeving.

 

Framlegg til kandidatar sendast til rannveig@folkemusikk.no innan 1. juni.