Mokurset hadde i år tilbod om song- og spelkurs på fele, hardingfele, trekkspel og toradar. 69 deltakarar, 11 instruktørar og kursleiarar var samla på Mo denne veka, og i tillegg var det ei rekkje frivillige medhjelparar innom for å ta i eit tak.

I tillegg til deltakarar- og instruktørkonsertar, var heile Mokursgjengen i Movikja på konsert og dans torsdag kveld. Les stemningsrapport frå arrangementet her.

Mokurset vart avrunda fredagen med den tradisjonelle Mokurskonserten der alle deltakarane presenterte noko av det dei hadde arbeidd med i løpet av kursveka.

Tusen takk til alle som bidrog til at det vart eit vellukka kurs!

Og ei ekstra takk til våre sponsorar og støttespelarar: Sogn og Fjordane fylkeskommune, Førdefestivalen, KOMP, Rff, FolkOrg, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Tine Meieriet Byrkjelo og Lerum.