Det var ein uvanleg flott gjeng som var samla på Mo i år, og vi håpar å sjå alle på Mokurset 2012, 8.-13. juli.

Har de foto frå Mokurset de ønskjer å dele med andre? Legg dei gjerne ut på Mokurset si Facebook-gruppe eller send dei til oss på post (@) folkemusikklaget.no

Vi rettar ei stor takk til samarbeidspartnaren vår, Førdefestivalen, og oppmodar alle om å ta turen på neste års festival, 5.-8. juli 2012.

Elles set vi stor pris på sponsorane våre: Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Tine Meierier, Lerum og Luster Sparebank.

Og ikkje minst takkar vi for økonomisk stønad frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, KOMP, Rådet for folkemusikk og folkedans og FolkOrg.

Takk for i år, og vel møtt til Mokurset 2012!