I tillegg får elevane undervising i støttefag som folkemusikkhistorie, samt at alle får delta i dans og song. Elevane får dessutan velje mellom fleire valfag, som t.d. samspel, arrangering, drama, munnharpe, halling, m.mUndervisinga føregår i grupper på ulike nivå, men elevane får også individuelle timar tilpassa den enkelte sitt nivå.
 
Minstealder for å melde seg på Mokurset er 10 år, og du må ha spelt eller sunge i minst 2 år.

I tillegg til dei ordinære kursa har vi desse tilboda:
STORSPEL er eit kurstilbod for vidarekomne utøvarar på fele/hardingfele.
SAMSPEL er eit kurstilbod for deg som ønskjer å spele i ensemble og arbeide med arrangert musikk.
 
Pris for Mokurset er kr. 2 400 for elevar under 14 år, og kr. 2 700 for elevar over 14 år. Det blir gjeve familiemoderasjon på 15%.

Alle kursavgifter inkluderer overnatting og måltid på kursstaden.

Last ned faldar for Mokurset her.