Meisterklassen Mokurs2015

Mokurset, 7.-12. juli 2018

Mokurset 2018

VELKOMEN TIL MOKURSET 2018
Mokurset er eit sommarkurs i folkemusikk og -dans, og har vore arrangert årleg sidan 1984. Mokurset er det eldste kurset av sitt slag i landet, og også det einaste som har ein særleg fokus på folkemusikk- og dansetradisjonar frå Vestlandet.
 
Påmeldingsskjema vert opna i midten av februar.
 
MEISTERKLASSE på fele og hardingfele
Dette tilbodet er for vidarekomne, på fele og hardingfele. Meisterklassen fokuserer på interpretasjonsøvingar med fokus på ulike spørsmål og problemstillingar, og med innslag av faglege refleksjonar og diskusjonar kring interpretasjon, teknikk og musikkforståing. Det vert lagt stor vekt på samspel og arrangering av slåttar.

 

SONG OG SPELKURS
På song- og spelkursa står den tradisjonelle gehørbaserte lærnga i fokus, og det vert undervist i grupper på ulike novå. Deltakarane får gjennom gruppeundervisning og individuelle timar lære tradisjonell folkemusikk og rettleiing i teknikk. Det er lagt opp til ei rekkje fellesfag som dans, dansespel, scenisk formidling, samt valfag. Kvar kveld er det konsertar og dans, og veka er prega av mange fellesakrivitetar for alle kursdeltakarane.
HARDINGFELE:
FELE:
DURSPEL/TREKKSPEL:
SONG:
 
 
FOLKELEG DANS
- for unge:
Folkeleg dans er eit kurstilbod for unge. Gjennom gruppeundervisning får deltakarane lære tradisjonell dans, vals og reinlender så vel som halling og springar. Dei får utforske samspelet mellom musikk og dans, ulike teknikkar, balanse og flyt og driv i dansen.
 
MINI-MO
- for born under 9 år
Mini-Mo er eit dagskurs i song og dans for deg som er mellom 6-9 år.
 
PÅMELDING
Påmeldingsskjema vert lagt ut nederst på sida i midten av februar. Påmeldingsfristen er 1. juni 2018.
 
Påmeldinga er bindande, og du vil motta faktura for kursavgift på epost. Kursavgifta skal vere betalt før kurset startar. Vi gjer også merksam på at manglande betaling ikkje er gyldig som avmelding.
 
Minstealder for å melde seg på Mokurs er 9 år. Det er inga øvre aldersgrense. For å melde deg på kurs i hardingfele, fele, trekkspel eller durspel, må du ha spelt i minst 2 år.
 
PRISAR
Alle kurs kr. 3200,- (syskenmoderasjon kr. 400,-) 5% rabatt på alle kurs for medlemmer i Sogn og Fjordane Folkemusikklag. Alle prisar inkluderer overnatting og mat på kursstaden Mo og Øyrane vgs.
 

VELKOMEN!
 
Ole Nilssen (kursleiar)
Kurset er støtta av: Førdefestivalen, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Rådet for folkemusikk- og dans, KOMP, Lerum, Luster sparebank, Tine og Sparebanken Sogn og Fjordane
| Mer++