Håkon Høgemo (c) Synnøve Bjørset

Jostedal, 2.-4. januar 2015:

Kurs med Håkon Høgemo

Tradisjonen tru arrangerer Jostedal spel- og dansarlag hardingfelekurs med Håkon Høgemo rett over nyttår. I år vert det i hovudsak fokusert på slåttar etter Lars Skjervheim, men det kan godt hende det blir høve til å lære andre godbitar også. Kurset startar fredag kl. 18.00 og held fram laurdag kl. 10.00. Det blir truleg også ei økt på søndag. Kursstad er Jostedal hotell.

| Mer++