På Mo Jordbruksskule i Sunnfjord kjem Leif Rygg på besøk og skal vere instruktør på det årlege helgekurset andre helga i januar. I år er det Indre Sunnfjord Spelemannslag som inviterer, saman med Havbrusen Spelemannslag og Gaular Spelemannslag. Kurset er ope for alle! Sjå her for meir info: https://www.facebook.com/events/928398803911594/
 
Kurset startar med ei økt fredag kl. 20. Så held vi fram laurdag føremiddag, og til slutt ei økt på søndagen. Arrangøren stiller med kaffi/brus og noko attåt. Laurdag blir det pizza frå Peppes Pizza.
 
Fredag 20:00-22:00
Laurdag 11:00-16:00
Sundag 11:00-14:00
 

I Jostedalen inviterer Jostedal spel- og dansarlag til kurs med Håkon Høgemo på Jostedal Hotell. Håkon Høgemo er ein av dei fremste hardingfelespelarane i landet, og har kjennskap til mange tradisjonar. Dette er eit kurs for vidarekomne, og det vil vere fokus på innlæring av nye slåttar. Sjå her for meir info: https://www.facebook.com/events/1647793555470231/