Det er vidare etablert ei felles forståing for utviklinga av kulturskulane som lokale ressurssenter, og at det er eit lokalt ansvar å legge til rette for gjennomføringa av dei overordna føringane.

Korleis står det til i din kommune? Mange kommunar i Sogn og Fjordane har eit oppegåande kulturskuletilbod, medan andre har eit minimumstilbod. Nokre få har faktisk ikkje noko som helst. Får alle som ynskjer det eit tilbod der du bur?

Mykje anerkjend forsking peikar på at opplæring og aktiv utfalding innan kunstfaga både har stor personleg eigenverdi og er samfunnsøkonomisk rett:

- NTNU i Trondheim dokumenterer at det gjer folk både friskare og lukkelegare.

- Internasjonal UNESCO- forsking syner at det generelt betrar både læringsevna, formidlingsevna og samarbeidsevna. Kunstfag som metode i skuleverket aukar såleis meistringsevna og dermed sjølvkjensla.

- Prof. Jon Roar Bjørkvoll peikar på at dei skapande kreftene hos barn må utviklast, elles kan dei bli brukt destruktivt. Han snakkar om samanhengen mellom inntrykka dei unge får, måten dei lærer å uttrykkje seg på, og det avtrykket dei set etter seg.

Å syte for at alle som ynskjer det får ei god kunstfagleg opplæring handlar om å byggje opp under det store omgrepet dannelse: at dei unge frå mulegheita til å utvikle eigne evner og slik får reiskapar til å uttrykkje seg med, for å kunne forstå seg sjølv og andre.

Det handlar om å auke den kreative kompetansen for å kunne gjennomføre entreprenørskapsideen – og dermed utvikle samfunnet. Det handlar og om å tilby potensielle tilflyttarar gode tilbod i lokalsamfunnet. Og det kan vere med på å bremse fråflytting. Store forskjellar i dei kulturelle oppvekstvilkåra gjer at det vert sprik i barn sin kulturkompetanse – har vi råd til å gi barna våre så ulik ballast? Står vi i fare for å skape eit klasseskilje mellom kulturelle taparar og vinnarar allereie blant dei yngste?

Norsk Kulturskuleråd sitt styre i Sogn og Fjordane arbeider, saman med medlemskommunane, bl.a. for å auke kompetansen til rektorane og dei tilsette i kulturskulane. Vi søkjer å etablere regionale ordningar for at dei ivrigaste elevane skal få utvikle seg vidare. Og vi er særleg opptekne av at dei lokale rammeføresetnader (materiell, rom, personell og økonomi) er gode nok.

Under mottoet ”Kulturskule for alle – har vi råd til å la vere?” oppfordrar vi difor alle om å setje fokus på dei lokale tilhøva no i valkampen, og velje politikarar som også tek opplæring og aktivitet innan kunstfaga på alvor.

Norsk Kulturskuleråd Sogn og Fjordane, Ole Jakob Nedrebø – styreleiar.