Gå ikkje glipp av uimotståeleg sjarmerande folkemusikk med tæl og ein fantastisk trio med sans for dei fine detaljane!

Når songen, fela og trekkspelet smeltar saman er Tindra eitt, og søte, særeigne, smakfulle, smygande, slaskete og svingande tonar og tekster blir formidla med stor overtyding. Utgangspunktet for trioen er den norske folkemusikktradisjonen, med særleg vekt på Rogaland. Sjølv når dei framfører eigne komposisjonar ligg dette i botnen. Repertoaret spenner frå skuldlause bornsongar om kattar og geiter til såre salmar og frekke friarviser.

I tillegg til ei lang rekkje konsertar for både born og vaksne i Noreg, har Tindra turnert i Vietnam, India, Georgia, Sudan og Sri Lanka.

I 2006 slapp dei debutplata si, Lukkeleg vaking, og vart nominerte til Spellemannprisen for denne. I 2009 urframførte gruppa tingingsverket Den kvite hjorten, ei familieframsyning med Helge Jordal i hovudrolla, der Tindra tonesette versa i Jan-Magnus Bruheim si barnebok med same namn. Musikken til Den kvite hjorten vart samla på plate same år.

I 2011 feira trioen sine 10 år med heile to CD-utgjevingar. Moder Norge med tradisjonsmusikk frå Rogaland, og live-plate med prosjektet Tindra/Kroke. Fekk du med deg Tindra på Førdefestivalen 2011? No har du sjansen til å høyre dei att!

Etter konserten blir det dans til musikk av Gamlebanken Spelemannslag!

Alle Mokursdeltakarar frå fri entré på konserten.