sfj_logo

Sogn og Fjordane fylkeskommune:

HOVUDUTVAL FOR KULTUR

Det nye fylkestinget konstituerte seg onsdag 26. oktober, og på dette møtet vart også samansetjinga av dei ulike hovudutvala klar.
Nils Gjerland (Sp) er ny leiar i hovudutval for kultur, medan Jan Olav Fretland (SV) sit som nestleiar.

Dei andre medlemmene i hovudutvalet er Torbjørn Vereide (Ap), Eva Hage Solstad (Ap), Anita Nybø (Sp) Liv Stave (H), Trude Brosvik (KrF), Marit Barsnes Krogsæter (V) og Svein Hansen (FrP).

Sogn og Fjordane Folkemusikklag ønskjer både nye og gamle medlemmer i hovudutval for kultur lukke til i arbeidet med kulturen i og for fylket vårt!
| Mer++