Førdefestivalen er i år ein viktig samarbeidspart for oss, og masterclassen på hardingfele er ein av mange positive ting som har kome ut av dette samarbeidet. Vidare har alle deltakarane på Mokurset fått tilbod om konsert med sigøynardronninga Esma Redzepova på festivalen. Og ikkje minst har dei gjort oss mange gode tenester og forsynt oss med stort og smått vi har hatt bruk for.

Mokurset har også nokre flotte sponsorar, og vi rettar ei stor takk til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Lerum, Tine Meierier og Luster Sparebank.

Og ikkje minst betyr det mykje for oss å ha motteke stønad frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, Rådet for folkemusikk og folkedans, KOMP og FolkOrg!

TAKK!