Jostedal spel- og dansarlag inviterer til Fylkeskappleik for Sogn og Fjordane 2015.

Tid: Fredag 20. og laurdag 21. mars 2015
Stad: Jostedal samfunnshus, Jostedalen

Velkomen til Jostedal og ei triveleg og sosial helg med mykje god song, spel og dans!

Vi oppmodar alle lokallag om å merke av helga i kalendaren og byrje å øve fram mot kappleiken!

Sogn og Fjordane folkemusikklag har gjort nokre lokale tilpassingar i kappleiksreglementet som er verd å merke seg. Målet er at endringane skal gje auka deltaking i dans og samspel.
Følgjande justeringar vart gjort i tevlingsreglementet:


Lagdans
I lagdans er kravet på tal dansepar senka til minimum tre par i juniorklassa og fire par i seniorklassa.
I lagdansklassa vert det også lov til å delta i to lag, men då med ulike dansar. (Ulike dansar vil seie dansar som er ulike i tradisjon og/eller taktart)

Samspel junior
Klassa omfattar ALLE variantar av samspel for junior (duoar, store, tradisjonelle lag, samspel med ulike instrument osb)
I klassa samspel junior er det lov til å stille med SAME instrument TO gonger
Alle som deltek i samspel junior inkludert leiar, må vere i C-klasse alder.

Smørbukk-kappleik
Også i år vil "Smørbukk-kappleiken" verte arrangert under fylkeskappleiken. Smørbukk-kappleiken er ein uformell arena der alle rekruttar og elles nybyrjarar i alle aldrar, får spel, syngje og danse for kvarandre.

 

DM

Distriktsmeisterskapen i trekkspel (DM) vil i år bli arrangert samtidig med Fylkeskappleiken. Dette er nytt av året, og er ei prøveordning.


Me oppmodar alle lag om å gjere kappleiken godt kjent blant sine medlemmer slik at det vert god deltaking i alle klasser på kappleiken!

Følg med på www.fylkeskappleiken.no for siste nytt frå fylkeskappleiken.

 

Program for Fylkeskappleiken 2015, Jostedal 20.-21.mars

 

Fredag 20. mars:
 

Kl. 19.00:
Tevling i dans (vals og hamborgar), kvalifisering

Open klasse

Samspel jr.

Gruppespel hardingfele/fele sr.

Spel solo runddans jr./sr.
Finale i dans etter runddansmusikk
Gruppespel runddans sr. og toradarlag (til dansande publikum)

 

Dans for alle etter at tevlingane er ferdige.
 

Slutt kl. 01.00.

Laurdag 21. mars:
 

Kl. 10.30: 

Hardingfele/fele kl. C
Hardingfele/fele kl. B

Lagdans jr./sr

Vokal kl. C
Vokal kl. B
Vokal kl. D
Vokal kl. A
 

Kl. 13.00 – 15.00: Smørbukk-kappleiken

(mønstring/ konsert med dei yngste utøvarane, ikkje tevlingar)

Kl. 15.00:

Hardingfele/ fele kl. D
Hardingfele/fele kl. A

Lagspel bygdedans

DM-klassar

Pardans bygdedans hardingfele/fele kl. C
Pardans bygdedans hardingfele/ fele kl. B
Pardans bygdedans hardingfele/fele kl. D
Pardans bygdedans hardingfele/fele kl. A

DM-klassar

Lagspel runddans

Kl. 21.00:
Dans
 

Kl. 22.00
Premieutdeling

Slutt kl. 02.00.