I premie får han utgjevinga ”Norsk Folkemusikk”, ei serie med arkivopptak frå NRK samla på 19 cdar og 1 dvd.

- Eg tykkjer at det er viktig å vere medlem i Folkemusikklaget for å støtte det viktige arbeidet dei og lokallaga gjer for folkemusikken og -dansen her i Sogn og Fjordane, seier Fredrik. Han tykte vervekampanjen var eit godt høve til å få meldt heile elevflokken sin inn i Folkemusikklaget.

Fredrik trekkjer fram Mokurset som eitt av dei aller beste tiltaka til Folkemusikklaget. – Ein viktig grunn til at eg held på med folkemusikk i dag, er at eg reiste på dette kurset i mine unge år. Om eg skal få seie noko om kva Folkemusikklaget kan bli enno flinkare til, så er det å drive oppfølging av lokallaga i rekrutteringsarbeidet og vere pådrivarar for fleire folkemusikktilbod i kulturskulane.

Vi takkar for gode innspel og kjempeflott innsats, og vil gjere vårt beste for å følgje opp alle ønskje!