Det var eit nøgd arrangørlag som møttes søndagsettermiddag for å oppsummere kappleiken, «Dette gjekk jo kjempe bra!» strålar kappleiksleiar Oddbjørg Ese. Ho og  resten av tevlingsnemnda stod i spissen for Fylkeskappleik/DM 2015 som gjekk av stabelen 20.-22.mars i Jostedal. Det vart tevla i  spel, vokal og dans, i både runddans- og bygdedans-klasser, frå yngste deltakar på Smørbukkappleiken til dei eldste i D-klassen. No kan dei puste ut og gle seg over suksessen.
 
Vandrepremiar
Dei med høgst poengsum i dans, spel og vokal får i eit napp i vandrepremiane i dei ulike klassene. Etter tre napp får dei vandrepremien til odel og eige. I år var det Oddbjørg Ese og Johannes Kjos som stakk av med vandrepremiane i dans, i spel var det Dagfrid Vallestad og i vokal vann Kari Malmanger.
 
Årets smørbukk
Under Smørbukkappleiken var det om lag 35 deltakarar som song, spelte og dansa. Samtlige utmerka seg med si framføring og juryen hadde ikkje noko enkelt val med å velje ut «Årets Smørbukk». Den heldige vinnar var toradarspelemannen Rasmus Tennø Loe, frå Jostedal. «Vi i juryen vil gjerne trekke fram den flotte bassinga i spelet til Rasmus. Dette er ingen enkel sak, men Rasmus gjorde det med glans», fortel juryleiar Ingrid Stuhaug, som legg til at juryen vart imponerte over dei fine introduseringane til deltakarane under årets kappleik.
 
Gamlebanken ladar opp med gull
Gamlebanken Spelemannslag gjorde det sterkt i lagspelklassene og kom heilt til topps i både runddans og bygdedans, med Indre Sunnfjord Spelemannslag hakk i hæl. «Det var god driv i slåttane», kan musikalsk leiar i Gamlebanken, Synnøve S. Bjørset, meddele. «Det er stor stas å gjere reint bord på heimebane, og særleg når vi stiller med så stort lag», smiler ho og legg til at dette er starten på ei lenger opplading til sommaren og tevling både på Landskappleik og Landsfestival. «Også må vi ikkje gløyme oppladinga til Landsfestivalen i gamaldansmusikk i Gaupne sommaren 2016, der både Gamlebanken Spelemannslag og Jostedal spel- og dansarlag står som arrangørar.»
 
Gitaristen Jøran Vallestad fekk eigen pris; «Komp-honnør-pris», for eminent gitarspel.
 
Meir foto og omtale av arrangementet kjem etterkvart.
Resultata frå Fylkeskappleiken er lagt ut her
Resultata frå DM er lagt ut her
Video frå Fylkeskappleiken er lagt ut her
Foto frå Fylkeskappleiken: Bildeserie frå fredag
                                           Bildeserie frå laurdag
Foto frå DM trekkspel: Bildeserie frå DM
Foto frå Smørbukk-kappleiken: Bildeserie frå Smørbukk-kappleiken 2015