Folkemusikkprisen 2014

Kandidaten i år har lang fartstid med arbeid for folkemusikken , dansen og songen i fylket, og  er velkjend  for sin innsats på dette feltet.

Kandidaten har samla inn, teikna ned på notar og gjort lydopptak av eldre kjelder. Dette er dag svært verdifullt materiale, sidan mange av kjeldene forlengst er borte.

Mange har fått nytt godt av dette arbeidet sidan kandidaten villig lærer frå seg av sin kunnskap. Bl.a. kan ein nemnast Unni Løvlid som fekk nytte godt av kandidaten sin kunnskap på musikklinja på Firda vid. gjennom tre år.

Vedkommande har vore leiar både i lokallag og i fylkeslaget.  Dommargjerning er utført både på fylkeskappleik, vestlandskappleik og landskappleiker. 

No har nok dei fleste skjønt kven dette er så me ber Elin Grytting komme på scena før me les vidare frå grunngjevinga.

Sogn og Fjordane Fylke oppretta fylkesmusikarordninga som Elin vart tilsett av i 1989.

Men Elin reiste rundt før den tid med innsamling av stoff, kurs og turnear.

Bl.a. reiste ho rundt med ei gruppe som gjesta dei fleste barneskulane i S. og Fj. og også i Hordaland med programmet. «Med folkemusikk i ryggsekken» 

Elin starta med dans i sin ungdom, og  var aktiv i  Sogn og Fjordane ringen i Oslo. 

Seinare vart med i det fyrste kullet som tok  grunnfag i dans ved NTNU. Ho kjenner såleis  godt til dansetradisjonane i fylket.

Elin har konservatorieutdanning som klassisk musikar på obo og spela ei tid i S. og Fj. symfoniorkester.

I tillegg til at Elin underviste mykje i song, så underviste ho også born på fele. Ho har spela både fele, hardingfele og fløyte.

Ho tok initiativ til Smørbukk-kappleiken , som i den tid bar namnet  Juniortreffet og skipa til dette i to år, før folkemusikklaget overtok i 1988.

Songen er vel likevel det som har vore sterkast for Elin. Ho har stor kunnskap om tradisjonane i fylket. Me vel å trekke fram innsatsen hennar for å få diktarpresten Claus Frimann fram i lyset. Her vart det både CD og konsertserie, der ho fekk med seg både gode musikarar og Toralf Maurstad som forteljar.

Den viktigaste  levande  songkjelda for Elin var truleg Paul Berstad frå Selje. Han var ein stor formidlar og vart den fyrste som fekk «Fokemusikkprisen « då den vart oppretta i 1986.

Elin stod i spissen for ein stor minnekonsert for han  i 2008, då det var hundre år sidan han var fødd.

Sogn og Fjordane Folkemusikklag  ser på  Elin Grytting som ein svært verdig mottakar av prisen og takkar for godt arbeid gjennom mange år.

Til lukke  med Folkemusikkprisen for 2014.