Spelemannslaget Fjelljom byr inn til :

Eit døgn med spel og dans

På seinhausten i fjor hadde mange av oss eit svært triveleg døgn med felespel. Fjelljom byr også i år inn unge og lærevillege felespelarar, og i år utvidar vi tilbodet til også unge dansarar. Vi har vore heldige og fått same felelæraren som i fjor, Mari Skeie Ljones. Og i tillegg får vi med oss den allsidige fylkesmusikaren og dansaren Vidar Underseth. Han er ein av landets beste hallingdansarar, og vi vil konsentrere oss om akkurat hallingen denne gongen.

 

Når?: Fredag 1.11. kl 1800 til laurdag 2.11. kl 1700.

Kvar?: Ungdomshuset Fjellvarden på Fjelli.

For kven?:  Spelekursa er opne for alle frå fjern og nær som nyttar vanleg fele og har spelt så lenge at enkle slåttar går nokolunde knirkefritt i vanleg tempo og med kontroll på bogestrøket.  Dansekurset er også ope, men skulle påmeldinga verte større enn dansegolvet innbyr til, så vil dei som øver i Fjellvarden til vanleg ha fyrste prioritet. Truleg er der plass til alle som vil.

Kostar det noko?: Nei! Men vi kan nemne at Coop Marked Fjelli ligg like ved ungdomshuset, i tilfelle du må handle noko.

Skal vi overnatte?: Ja, alle som vil kan få overnatte i ungdomshuset. Ta med sovepose eller sengkle og liggeunderlag. Der er nokre sofaer og eit par matter. Der vert vaksen nattevakt. Dei som bur i nærområdet kan sjølvsagt fare heim og sove om dei helst vil det. Fjellvarden er godt utstyrt med toalett og vaskar, men har ikkje dusj.

 

Førebels program fredag 1. nov:

kl 1800: Felespelarane møter opp til spelekurs med Mari og Vidar.

Kl 1930: Pause med frukt m m.

Kl 2000: Dansarane møter opp til kurs i halling med Vidar. Felespelarane deltek også i dansen, men ein og ein kan ”stikke av” til undervisning i felespel åleine hos Mari.

Kl 2130: Felles kveldsmat.

 

Laurdag 2. nov:

Kl 0830: Frukost.

Kl 0915: Felekursa held fram.

Kl 1030: Dansekurset held fram.

Kl 1130: Matpause for alle.

Kl 1200: Ut på tur (ha med sko/støvlar og kle for uteliv.)

Kl 1330: Siste økt for dansekurset.

Kl 1430: Måltid for alle. (Risgraut?) Dansarane ferdige for evt henting ca kl 1500.

Kl 1515: Felekursa held fram.

Kl 1630: Liten konsert for kvarandre og foreldra med presentasjon av det vi har lært på felekursa og evt solonummer frå deltakarar og lærarar.

Kl 1700: Heimreise.

 

Friminutt vert lagt inn etter behov, og programmet kan verte justert. Men vi prøver å halde fast på starttid og sluttid slik at sjåførane har noko å halde seg til.

Velkomen til eit triveleg og lærerikt døgn i Fjellvarden!

 

Med beste helsing frå

Spelemannslaget Fjelljom