Kanskje vil du kle deg ut som troll, nisse, nøkk eller hulder? Eller kanskje vil du spele ein slått som du har lært av dei underjordiske, vise fram ein underjordisk dans, eller synge ein song som handlar om det underjordiske? Her er det berre fantasien som set grenser! Tenk på dette når du pakkar, og ta med kle du kan bruke til kostyme dersom du har det. Dette blir moro – og me gler oss! Me vil og nemna at det vankar feiande flotte premiar i samband med konserten.