Stad: Skei Hotel
Tid: 13. februar, kl. 12:00 – 16:00
Kursavgift: kr 500,-
 
Påmelding innan fredag 5. februar
 
I Sogn og Fjordane er det lang tradisjon for dans, både som sosial samværsform og på kappleiksscena. I mange år har gamaldansen vore ein god arena for rekruttering til både musikk og dans, og dette ynskjer vi å halde fram med.
 
Initiativtakar John Oddvard Kandal har arrangert «Ein aften på Ålhus» i fleire år – ein kveld med musikk frå scena, først program og deretter dans. Dette har etter kvart vorte eit godt besøkt arrangement. I år utvidar Kandal tilskipinga til ei dansehelg i Jølster, i samarbeid med Skei Hotel og Sogn og Fjordane Folkemusikklag. Tenkt som ein open arena der dansen står i høgsetet, både med og utan rettleiing.
 
Det vert dansekveld på Skei Hotel fredag, dansekurs laurdag og den årlege konsert og dansefesten «En aften på Ålhus» laurdagskveld, sjølvsagt på Ålhus. Båe kveldar med Sven Nyhus kvartett og lokale lag/grupper som syter for musikken.
 
Kurset gjev ei innføring i ulike runddansar der sosial samværsform står i sentrum. Det vert fokusert på generell danseteknikk som samspel mellom musikk og dans, ulike snu-teknikkar, balanse og flyt og driv i dansen. Kurset er ope for alle og tek utgangspunkt i den kunnskapen dansaren allereie har som sin eigen dans og dansekropp.
 
Solveig Brekke Hauknes og Ole Nilssen er instruktørar, og saman med spelemann skal dei lose oss gjennom ei 4-timers danseøkt. Instruktørane er røynde og populære kurshaldarar. Dei er aktive dansarar og er ofte å sjå på scena, både på kappleik- og festivalscene, og som deltakarar og instruktørar i ulike prosjekt. Dei har fleire gode resultat å vise til, og i 2014 gjorde dei reint bord og vart Noregsmeistrar både på Landsfestivalen, og på Landskappleiken der dei vann dans fele klassa A. I tillegg til å vere dansarar er dei habile musikarar, og er svært opptekne av samspelet mellom musikk og dans. Gjennom ulike dansestudie har dei fordjupa seg i sine lokale bygdedans-tradisjonar, samt lokale og nasjonale runddansar.
 
Kurset er støtta av Rådet for folkemusikk og folkedans og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.