Silja Solvang og Maria Scheldrup Toppe

Mokurset 6.-11. juli 2014:

DANS EI HEIL VEKE

I år tilbyr Mokurset også full kursveke for dansarar. Her vil du få lære norsk folkedans på ein kreativ måte. Kurset vil fokusere på god samdans og samspelet mellom musikk og dans. Gjennom kurset vil du i tillegg lære å bruke dansen kreativt saman med andre. I tillegg til sjølve dansen vil det også bli arbeida med improvisasjonsøvingar, koreografi og korleis ein dansar på ei scene.

Instruktørar vert to unge spreke jenter frå Hordaland. Silja Solvang som vil lære dykk å danse, og Maria Toppe er med både som musikar og dansar.

Resultatet av kursveka vert presentert i ei framsyning for dei andre kursdeltakarane, samt synt fram på avslutningskonserten. Kurset har nedre aldersgrense på 9 år. Kurset blir tilpassa både dei med lite danseerfaring og dei som har dansa ein del før.

Hugs å melde deg på innan 1. juni! Påmeldingsskjema finn du her.

| Mer++