Audhild Moxnes

Stipend til unge hardingfeleutøvarar:

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES MINNEPRIS

Styret for Audhild Flaktveit Moxnes Minnepris ønskjer framlegg til kandidatar.

Minneprisen er på kr. 10 000, og skal delast ut i samband med Vestlandskappleiken i Førde, 11.-13. oktober 2013.

FRIST for innsending av forslag er 23. september 2013!

 

 

Heile utlysingsteksten til årets minnepris finn du nedanfor:

 

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS

                               TIL UNGE UTØVARAR PÅ HARDINGFELE

                                             TILDELING HAUSTEN 2013

Styret for minneprisen ber med denne utlysing om å få inn forslag på unge utøvarar på hardingfele som vil vera aktuelle som kandidatar til prisen.

Formålet med minneprisen er å styrke interessa for utøving på hardingfele mellom unge, og slik oppmuntra til varig interesse for spelet. Minneprisen skal delast ut til ein lovande utøvar på hardingfele. Personen skal vera i alder som svarar til C-klassen på kappleik, og vera frå Vestlandet. Det skal vera eit personleg stipend. 

 

Minneprisen skal delast ut på Vestlandskappleiken 2013, og er på kr.10.000,-.

Kappleiken finn stad i Førde 11.- 13. oktober 2013.

FRIST for innsending av forslag er 23. september 2013.

Forslag skal sendast til:

Bergen ungdomslag Ervingen, Kong Oscarsgt. 15, 5017 Bergen

eller på e-post: kontoret@bergen.ungdomslag.no

 

Merk konvolutten/e-posten ”Minnepris 2013”.

For meir informasjon, sjå www.bergen.ungdomslag.no/minnepris/

 

TIDLEGARE VINNARAR AV AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES MINNEPRIS:

2012: Nikolai Storevik

2011: Mathilde Skjæret

2010: Ingeborg Hollekim Bringslid

2009: Maria Skjeldrum Toppe

2008: Erlend Apneseth

2007: Alexander Røynstrand

 

| Mer++