Årsmøtet gjekk føre seg på Naustdal barne- og ungdomsskule søndag 2. april, i etterkant av Fylkeskappleiken 2017.
 
Seks lokallag var representerte under årets årsmøte i Sogn og Fjordane Folkemusikklag, saman med FolkOrg sin lokallagsrådgjevar, Øyvind Sandum, styret og administrasjonen i folkemusikklaget, representant frå valnemnd og eit par gjester.
 
Ny styreleiar
På biletet ser du deltakarane under årsmøtet og fremst sit nyvald styreleiar Ingrid Buvarp Aardal (t.h) som vart ønskt velkomen inn i styret. Ho overtek stafettpinnen frå Antonia Karete Haugen Kongsvik (t.v.) som har vore styreleiar frå 2013 - 2016.
 
Saman med Ingrid Buvarp Aardal (Sogndal/Sogn) vart også Gjermund Tomasgard (Nordfjordeid/Nordfjord) og Norill Norheim (Hafslo/Sogn) valt inn som styremedlem og sit saman med Knut David Hustveit (Flekke/Sunnfjord) og Sølvi Lien (Førde/Sunnfjord) i styret for Sogn og Fjordane Folkemusikklag i 2017.
 
Her kan du lese årsmøtereferatet: Årsmøtereferat 2017