FolkOrg har i dag kring 5000 einskildmedlemmer, og dei fleste av desse er knytt opp mot 150 mangfaldige lokale spel – og dansarlag. Lokallaga er ryggraden i organisasjonen og syner ein stor aktivitet. FolkOrg ynskjer å løfta fram det gode arbeidet som lokallaga gjer gjennom mellom anna å dela ut prisen for ”Årets lokallag”.

Prisen er ein pengepremie på 10 000 kroner. Juryen for prisen er styret i FolkOrg som vel ut tre nominerte og ein vinnar av prisen ut i frå dei innsendte forslaga. FolkOrg ynskjer å marknadsføre alle dei innsendte forslaga på folkemusikk.no.

For utdeling av prisen for årets lokallag i 2013 ynskjer FolkOrg å vektleggje lag som har gjort revitaliseringsarbeid av lokale folkemusikk- og folkedanstradisjonar. Det kan til dømes vera eit miljø som har starta opp og løfta fram lokal tradisjonsmusikk og -dans som lenge har lagt ubrukt. Eit anna døme kan vera eit lag som har henta fram eller berga ein spesifikk dans eller slåtteform og gjort den kjend gjennom kurs, kappleikar og gjennom å bruke den som ein naturleg del av repertoaret sitt.

Einskildmedlemmer, lokallag og område/fylkeslag kan senda inn forslag. Det viktig at det da er formulert ei grunngjeving i høve til dei kriteria det er lagt vekt på i 2013.

Prisen vert delt ut under FolkOrg sitt årsmøte på Hamar 26 – 28. april.

Forslag skal sendast inn til marit@folkemusikk.no

Ta og gjerne kontakt med Marit Vestrum, tlf. 452 14 352 dersom de har spørsmål.