UngOsa - helgesamling for born og unge under Osafestivalen

I samarbeid med Hardingfela.no inviterer Osafestivalen til helgesamling for unge hardingfelespelarar, toradarspelarar, songarar og dansarar mellom 7* – 18 år!
I tillegg til å få spela, synga og dansa med instruktørar av ypparste klasse, får deltakarane vera med på konsert og dans under festivalen – og skal sjølve ha avslutningskonsert på sundagen, som ein del av festivalprogrammet. Vestlandskappleiken går også av stabelen denne helga, og juniorklassane er sett opp på fredagen slik at dei som vil tevla, skal få moglegheit til det – medan vi andre skal få vera superpublikum under konkuransane. Etter tevlingane på fredag, vert det også familiedans!

Dette vert kjempemoro – så meld deg på!

*NB: Dersom du er under 10 år og skal overnatta på Voss Vandrarheim lyt du ta med deg ein vaksen. (Det er andre prisar for ikkje-deltakar. Overnattinga for den vaksne/ familie, tingast gjennom oss. Ta kontakt slik at vi finn det alternativet som passar best for dykk).

Arrangør: Hardingfela.no og Osafestivalen
Tid: fredag 26. oktober
http://osafestivalen.no/ungosa-2018
https://www.facebook.com/UngOsa/