britt

Kjølsdalen 11.-13. mars

Ein fantastisk Fylkeskappleik er over

-I dag er det blåmåndag. Men, ein svært god blåmåndag, sa marknadsføringsansvarleg for Fylkeskappleiken, Thomas Hals, måndag 14. mars. Han er rektor på Kjølsdalen Montessori Skule der Fylkeskappleiken 2016 føregjekk.
2016-03-17


Foto: Hallstein Dvergsdal

Fylkeskappleiken 2013

VELKOMEN TIL SKEI 5.-6. APRIL

2012-11-26

Fylkeskappleiken 2013

DOMMARAR

 

Spel: Anders Eikås, Linda Gytri og Simona Fraas Johnsen

Dans: Ingrid Søyland, Per Kongsvoll og Johannes Kjos

Vokal: Oline Løvlid, Judith Vestreim og Aslak Johnsen

2012-11-26
Aslaks. Foto:Leif Vinsrygg

Fylkeskappleiken 14. april 2012:

FOTO Gamaldansgrupper

I alt fire grupper deltok i klassa for gammaldansgrupper. Gruppa "Aslaks" (foto) gjekk til topps med 170 poeng. "Grannelaget " følgde på andreplass medan Naustdalen toraderlag vart nummer tre.

I dansetevlinga i vals og hamborgar/polka stilte 14 par opp i den innleiande runde. Fire par gjekk vidare til finalen. Berit og Per Kongsvoll frå Nordbygda spel- og dansarlag vann klassa føre Øygun og Johannes Kjos frå Jostedal spel- og dansarlag. Aud Sissel Orheim og Kjartan Naustadal frå Nordbygda spel- og dansarlag følgde på tredjeplass.

Dette er dei siste fotoseriane frå årets fylkeskappleik i Stryn. Stor takk til kappleiksfotograf Leif Vinsrygg!

Gammaldansgrupper og dansetevling i vals/hamborgar

Glimt frå publikum og dansegolv

2012-04-26
Austrheim musikklag. Foto: Leif Vinsrygg

Fylkeskappleiken 14. april 2012:

FOTO - Lagspel gammaldans/runddans, runddans solo sen. og jr.

12 lag deltok i klassa for lagspel runddans/gammaldans. Austrheim musikklag (foto) vann klassa med 164 poeng føre Indre Sunnfjord spelemannslag som kom på andreplass med 158 poeng. Naustedalen spelemannslag vart nummer tre.

I soloklassane for runddansmusikk gjekk Nikolai Storevik frå spelemannslaget Fjelljom til topps i juniorklassa medan Norill Terese Norheim frå Jostedalen spel- og dansarlag vann seniorklassa.

Foto av deltakarane er utlagt nedanfor.

Lagspel runddans/gammaldans

Runddans solo junior og senior

2012-04-26
Pette Eide. Foto: Leif Vinsrygg

Fylkeskappleiken 14. april 2012

FOTO - Plateslepp, opning og prisutdeling:

Under kveldsprogrammet var det også tid for plateslepp av den nye CDen til spelemannslaget Fjelljom "Korri korri". Petter Eide(foto) spelte i det høve ein springar som også er å finne på CDen. Ordførar Sven Flo helsa til kappleiken, og Folkemusikkprisen 2012 vart utdelt til John Oddvar Kandal. Foto frå dette er å finne nedanfor.

Foto frå plateslepp, helsingstale og prisutdeling

2012-04-26