Meisterklassen Mokurs2015

Mokurset, 7.-12. juli 2018

Mokurset 2018

VELKOMEN TIL MOKURSET 2018 - Påmeldingsfrist utsatt til 10. juni


Silja Solvang og Maria Scheldrup Toppe

Mokurset 6.-11. juli 2014:

DANS EI HEIL VEKE

I år tilbyr Mokurset også full kursveke for dansarar. Her vil du få lære norsk folkedans på ein kreativ måte. Kurset vil fokusere på god samdans og samspelet mellom musikk og dans. Gjennom kurset vil du i tillegg lære å bruke dansen kreativt saman med andre. I tillegg til sjølve dansen vil det også bli arbeida med improvisasjonsøvingar, koreografi og korleis ein dansar på ei scene.

Instruktørar vert to unge spreke jenter frå Hordaland. Silja Solvang som vil lære dykk å danse, og Maria Toppe er med både som musikar og dansar.

2014-05-31
Foto: Ingvil Skeie Ljones

Førdefestivalen 3. juli 2014:

SONGKURS:"SO RO LITEN TULL"

Under Førdefestivalen 3. juli vert det songkurs med utgongspunkt i songtradisjonane i Sogn og Fjordane. Instruktør er ein av fylkets sine fremste songarar, Unni Løvlid. Kurset er ope for alle interesserte frå 15 år og oppover. Unni er også instruktør i song under Mokursveka. Her er nedre aldersgrense 9 år. 

2014-05-31
Foto:Einar Eimhjellen

Mo 7.-12. juli 2013:

GODT GJENNOMFØRT MOKURS!

Mokurset 2013 er historie, og vi kan sjå tilbake på eit svært vellukka kurs også i år. 60 deltakarar var samla til ei veke med læring og sosialt samvær.

2013-07-15
Utklipp INSTRUKTØRAR

Mokurset 7.-12.juli:

INSTRUKTØRAR 2013

Mokurset 2013 byr på nokre av dei fremste aktørane innan norsk folkemusikk. Gå inn og les om årets instruktørar!

2013-05-13
Utklipp kurstilbod

Mokurset 7.-12.juli 2013:

Kurstilbod 2013

Årets Mokurs har eit rikt tilbod på opplæring. Her vert kurs i spel,song,innføring i folkeleg dans og meisterklasse i fele/hardingfele.
Utklipp overskrift[1]

Mokurset 7.-12.juli 2013:

PÅMELDING

Det er framleis nokre ledige plassar på Mokurset. Dersom du er interessert, så
skund deg å meld deg på! Då har du ein sjanse om å få bli med. Påmeldingsskjemaet finn du her. Velkomne til Mokurset!

2013-04-21